Krev mur ved Butikken fjerna
Skrive av Webmaster torsdag 03. mai 2012 09:22
Vik Grendalag krev i brev til Øygarden kommune å få fjerna muren som er sett opp i hovudvegen ved Butikken på Vik. Betongmuren er sett opp langs Butikken bort til Ingjernaustet, og Grendalaget meiner den er direkte trafikkfarleg.
– Vegen er både skuleveg og tilkomstveg for omlag 25 hustandar. Denne innsnevringa hindrar almenn ferdsel. Kommunen har i brev vorten informert om grenser og eigarforhold. Dette er ikkje teken til etterretning, heiter det i brevet frå Grendalaget. No krev dei muren fjerna.
Grendalaget viser elles til at det har oppstått fleire stygge trafikksituasjonar i Vikabrekka på grunn av den nye muren. Større bilar har kjørt ned på Søre Vik, og har ikkje klart å snu i området ved Dampekaien-Butikken. Dette har ført til at dei har måtta rygga opp heile Vikabrekka.
Sjå fleire bilete i Fotogalleriet...
Vikaskarven nr.1 - 2012 klar i PDF-arkivet
Skrive av Webmaster torsdag 03. november 2011 01:13
Endeleg er Nummer 1 - 2012 på veg ut i postkassane, og som vanleg får du sjølvsagt avisa her også.
Klikk deg inn i PDF-arkivet til venstre og les. I PDF-arkivet finn du alle utgåvene av Vikaskarven heilt frå oppstarten tilbake i 2001.
Har du sjekka Fotogalleriet i det siste?
Skrive av Webmaster laurdag 28. april 2012 23:27
Brustein rundt Butikken på Vik
Det er lagt brustein rundt Butikken på Vik. På sørsida er Ingjersjådn fjerna, og på nordsida er det laga støypekant mot hovudvegen som er vorte smal og lite oversiktleg.

Fløysand byggjer hus på Søre Vik. Tomta er klar og veggane er i ferd med å reisa seg

Aktiviteten er stor rundt husa på Vik. Her er nokre glimt. Det pågår arbeid rundt Ingjerstovo. Huset til Anders Vik vert påbygt, Lillian og Olav Martin Vik har utvida huset, det nye huset til Signe og Ottar Vik står klart, og Rolf er i sving på vestsida av sitt hus.
Perfekt familietur
Skrive av Webmaster torsdag 12. mai 2011 21:52
Legg helgeturen til Parldalsmyra i Øygarden
Kopiert fra ©bt 12.4.2011 - http://www.bt.no/sprek/turtips/Perfekt-familietur-2496190.html
I Bergens Tidende sto det forrige veka ein artikkel om Pardalsmyro som det perfekte "Helgeturmålet" vest for Bergen, så ikkje vert forskrekka dersom det er unormalt mange folk i området i tida framover.
Kopiert fra ©bt 12.4.2011 - http://www.bt.no/sprek/turtips/Perfekt-familietur-2496190.html
Kopiert fra ©bt 12.4.2011 - http://www.bt.no/sprek/turtips/Perfekt-familietur-2496190.html
Kva er bra med denne turen?
Denne turen gir familiar ein flott dag ute i naturen. Turen går stort sett i ein merka sti rundt Stegeviksvatnet på Toftøy heilt sør i Øygarden. Midtvegs i løypa kjem ein til Pardalsmyra. Her finst disser, klatretau, benker og bord, bålplass og elles flott natur å leika og utfalda seg i. Det er også ein såkalla skjeneflor like ved. Ein skjeneflor er kort forklart eit lite
Fekk du ikkje Vikaskarven i posten Men har betalt?
Skrive av Webmaster onsdag 11. mai 2011 19:08
Det er gjort ein endring i rutinane for utsending av Vikaskarven. Det vert gjort på bakgrunn av kven som har betalt for abonnementet og lister er derfor henta inn frå kasserar.
Det kan i den samanhengen ha oppstått problemer dersom folk har betalt utan å merka innbetalinga med namn og at me difor ikkje veit om du har betalt eller ikkje.
Dersom du ikkje har fått Vikaskarven, men har betalt ber me deg ta kontakt med abonnementsjef Norvald.
Klikk her for å gå til kontaktskjema (der står også telefonnummer dersom du vil ringa).
For framtida minner me om at innbetalingar må merkast med namn.
Les meir: Fekk du ikkje Vikaskarven i posten Men har betalt?
Abonnere på Vikaskarven eller endre adrese
Skrive av Webmaster onsdag 11. mai 2011 19:18
Ynskjer du å abonnera på Vikaskarven eller har endra adresse?
Send ein melding via kontaktskjemaet eller ring til Norvald og gi beskjed.
Kontaktskjemaet finn du i toppmenyen under valget "Om" --> "Kontakt Redaksjonen".
Utvida opningstid for gjenbruksstasjonen på Straume
Skrive av Webmaster onsdag 13. april 2011 08:59
På grunn av stor trafikk til gjenbruksstasjonen på Straume vil stasjonen ha ope enkelte sundagar i april og mai.
Stasjonen vil vere open:
Sundag 10. april kl 13-17
Sundag 8. mai kl 13-17
Sundag 15. mai kl 13-17
NB: Påskeaftan er stasjonen stengt.
Stasjonen er kun open for innbyggjarane
i Fjell kommune og Øygarden kommune.
Les meir: Utvida opningstid for gjenbruksstasjonen på Straume
Vikaskarven Nr. 1 - 2011 i PDF-arkivet
Skrive av Webmaster torsdag 07. april 2011 23:31
Då er nyaste utgåva av Vikaskarven klar for nedlasting!
For dei som ikkje ynskjer å venta til avisa dukkar opp i postkassane, så er det berre å klikka seg inn og lasta ned.
Årsmelding for Grendalaget lagt ut
Skrive av Webmaster søndag 27. mars 2011 20:56
Då er årsmeldinga for Grendalaget tilgjengelig i dokumentarkivet til Grendalaget her på nettsida.
Som det står i årsmeldinga:
"2010 har vært et godt år for Vik Grendalag, der årlige arrangement er gjennomført med veldig godt oppmøte fra Vik og omegn, og ikke minst det ble lansering av Bygdebokprosjektet."
Vikaskarven og Vik Grendalag på Facebook
Skrive av Webmaster søndag 27. mars 2011 00:50
Vikaskarven og Vik Grendalag har no endeleg tatt steget inn i Facebook-verdenen.
Eg anbefaler alle å klikka på "Lik dette" i Facebook-boksen litt nede og til høgre på nettsida vår.
Du finn sjølvsagt Vikaskarven via søkefeltet på Facebook, eller du kan klikka her for å gå direkte til sida på Facebook.
Side 1 av 3
«StartFørre123NesteSiste»Vikaskarven og Vik Grendalag har no fått si eigen Facebook-side. Klikk på "Lik" på sida og kom gjerne med tilbakemeldingar, innspel og kommentarar.
I PDF-arkivet finn du alle utgåvene av Vikaskarven heilt tilbake til oppstarten i 2001.
Fotogalleriet er no integrert direkte i nettsida. Gi beskjed dersom det er noko som ikkje fungerer.
Kontakt oss. Me tar gjerne imot ris og ros, tips, ynskjer, osv. osv.
Det skjer på Vik
20.05.2012 11:00 -
12:30
Gudsteneste
21.05.2012 17:00 -
17:45
Barnekoret Lyskasteren
21.05.2012 18:30 -
20:30
NLM Kvinneforening
27.05.2012 19:00 -
20:00
Småmøte v/Per Landro
02.06.2012 20:00 -
22:00
Ichtys
04.06.2012 17:00 -
17:45
Barnekoret Lyskasteren