Pardalsmyra

Pardalsmyra ligg i utmarka vestom hovudvegen og er eit populært turmål. Her er det Zip-line, hinderløype, bålplass og grue. Fleire Skjeneflorar ein går forbi har vorte restaurert og stien er oppmerka. Ein går rundt Stegeviksvatnet som fram til i 2015 vart brukt som drikkevatn.

Les mer …

Bølgekraftverket over Vikåsen

Som eit vitnesbyrd over kor sterke naturkreftene er, ligg Bølgekraftverket i ruinar heilt vest i havgapet. Dette er eit mektig skue både i blikkstille vær og når det bles godt.

Les mer …

Anekletten

Anekletten er den høgaste haugen på Toftøy med sine 59,5 m.o.h. Herifrå har ein god utsikt i alle retningar. Turen går i variert terreng med skogssti og asfaltert veg.

Les mer …

Ostrhopen

Stien frå Løten til Bølgekraftvegen heilt vest i havet er spektakulær med sine reinvaska berg, kløfter og steinrøyser. Høgdepunktet er Ostrhopen, ein gøymt lagune med friskt sjøvatn som vert bytta ut med floa. Her kjem ein berre over ved fjære sjø, og sjølv då er det fare for å verta både våt og å skada seg dersom ein skulle skli på ein stein.

Les mer …