Fjedlet

Følg veien ut mot moloen. Ta til venstre ved siste naustrekka og følg sti opp mot venstre langs fjellskrenten. Det er fleire fine utsiktspunkt langs stien. Ein føl stien heilt til steingarden ved Raunholo. Gå langs utkanten av jordet til bilveg og føl vegen ned Vikabrekko tilbake til Dampekaien. Heile turen går langs sti og veg, men ver obs på at ein går nært til fjellskrenten og ein bør passa godt på borna.

Les mer …

Jurefethaugen

Til høgste haugen i i Vestra Markja

Frå Jurefethaugen har ein utsikt både nordover mot Rong, vest til Turøy og sørover til Solsvik og Landro. I tillegg til utsikta mot havet gir dette ei storslått naturoppleving. Herfrå får du og solnedgongen rett i havet.

Les mer …