Vik Grendalag
Historie
Vik Gredalag vart stifta i juni 2000 under namnet Vik Velforening. På årsmøtet i februar 2001 vart namnet endra til Vik Grendalag.
Thora Vik har vore leiar i styre for Grendalaget frå starten av.
Mål og visjon
Grendalaget skal representera folket på Vik og ser det som svært viktig å fremja god og verdifull kultur frå vårt område.
Laget tek initiativ, er som bladet Vikaskarven meiningsberande og fungerer som pådrivar når bygda vår treng gode tiltak for å betra livskvaliteten til dei som bur her.
Oppgåver
Tiltak i nærmiljøet for å få eit godt bumiljø og naustmiljø, ta vare på vår historie og kultur (hus, naust, båtar, språk osb), arrangera fellestiltak som Lucia-tog, Krabbefest, kulturfest o.l.
Styret (2016)
- Thora Vik (leiar)
- Johnny Dåvøy
- Marianne Dåvøy
- Ronny Nottveit
- Aud-Helen Solsvik
- Kari Klepsvik
- Solbjørg Vik
- Andreas Soløy
- Grethe Ansok
- Oddvar Haugetun
- Fredrik Dåvøy
- Synnøve Sandbakk
- Rolf Vik